Innlegg

Pils og patent

Pils og patent
Dei har drukke frukost no
grove handbak tørkar skum
av gråna skjegg
sukkar tungt og
nikkar bestemt

Glas nummer to, det seglar opp
dei kan ta det roligare no
nyta smaken, starta praten
gamle vener på Kafé Larsen

Faste plassar i brunt interiør
dus belysning, åpen dør
dagen startar alltid likt
roa nervar, glemma dritt
minns du Dunkirk i førtifem?
jaggu bra vi berga den

Klokka tolv kjem patenten frem
to, tre halve til no, så må eg heim
har tre lange i kjøleskapet
nok te å sleppa taket
lat oss håpa natta bli kort
trivs jo best her i lag med dokk

(© Håkonsen)